Natursti

Opplev korleis den vidjetne Briksdalsbreen har forma det frodige dalføret gjennom fleire tusen år. Sjå dei glattslipte berga og den frodige vegetasjonen i dalbotnen. Du vil bli overraska av dei mange vakre blomane som veks her!   

 

Spanande hefte om breen og plantelivet

Skaff deg det informative heftet «Briksdal Natursti, ei vandring i geologien, glasiologien og botanikken» i souvenirbutikken.   

Informasjon om geologi

I souvenirbutikken kan du også kjøpe eit interessant hefte om geologi, forfatta av Prof.(FH) Dipl.-Ing. Dr. Stehpan Winkler.

Kattanakken

Der ingen skulle tru at nokon kunne gå på tur.
Så feil kan ein altså ta!

Flott utsyn til Briksdalsbreen omkransa av ville fjell, den mektige Jostedalsbreen og brusande fossefall. Inngangsbilletten er eigeninnsats, ei solid men overkomeleg treningsøkt og ei bratt fjellside og luftig klyving for å kome heilt opp på egga. Frå nokre vinklar ser turen umogleg ut - men ein skal ikkje skue Kattanakken på håra.

BRIKSDALEN - KATTANAKKEN
130 - 1458 moh / 3 - 4 timar
Startpunkt frå Fjellstova i Briksdalen.

 

Oldeskaret

Den gamle ferdselsvegen over Oldeskaret er restaurert og gjenopna for turistar og fjellfolk. Så bra!

Dette er ein lett til middels bratt tur. Steinlagt og sikra sti i det brattaste partiet og lett terreng vidare til Oldeskaret. Ein kan også følge stien vidare til Stardalen og lenger inn i nasjonalparken. Turen byr på storslått utsikt over Oldedalen - tonesett med lystig fuglekvitter og mektig fossebrus.

OLDEDALEN - OLDESKARET
120 - 1100 moh / 5 timar
 Startpunkt frå Melkevoll Bretun.

 
 
oldeskaret