Briksdal

I Briksdal har vi så mykje natur at vi gjerne vil dele den med deg. Det er Briksdalsbreen som gir det mektigaste inntrykket, men du vil også setje pris på det frodige dalføret under breen og dei imponerande fjellsidene.

 

Jostedalsbreen nasjonalpark

Briksdalsbreen er ein arm av Jostedalsbreen, den største isbreen på det Europeiske fastland - verna som nasjonalpark. Iskolossen dekkjer 486 km² og er på det djupaste 400 m. Høgaste punktet er 1950 m.o.h.   

Klikk på linken og sjå korleis Briksdalsbreen har krympa og vakse siste 150 åra: Breens utvikling 1870 - 2006

 

 

 

Opplev fossande breelvar

På veg gjennom Oldedalen til Briksdal vil du sjå eit mangfald av vakre, ville fossefall. Gytrifossen, Nelkjifossen, Yrifossen, Kvamsfossen, Rustøyfossen, Høgalmefossen, Volefossen, Svadåna, Briksdalsfossen og Tjøtabreelva. Fossande strøymer i vill dans mot havet; det er som om vatnet har det svært så travelt etter fleire hundre års binding som is.  

Til fots eller med «trollbil»

Briksdalsbreen endar i eit vatn, berre 346 m.o.h. Frå Briksdalsbre Fjellstove er det lett å ta seg fram til Briksdalsbreen; 2,5 km på veg/sti langs elva til fots eller i «Trollbil». 

Olden

Av dei tre korte fjordarmane inst i Nordfjord endar den sørlegaste i Olden, ei perle i Nordfjord. Her strekkjer den vakre Oldedalen seg om lag 20 km innover mellom fossar, vatn og fjell med glinsande brear. 

  

Naturen I oldedalen er unik

I over hundre år har Olden og Oldedalen vore vertskap for tusenvis av besøkande. Det er den sterke naturopplevinga som gjer staden så attraktiv. Over fjorden kneiser mektige, iskledde fjell med brusande fossefall ned mot dei spegelblanke vatna innetter dalen. Ikkje rart at dette er eit av Noregs vakraste reisemål.  

Turistar I briksdalen sidan 1800-talet

Dei første turistane byrja å kome hit på slutten av 1800-talet. Dette var engelskmenn, gjerne overklassa, som hadde god råd og god tid. Frå cruisebåtane, «dei flytande hotella» på fjorden i Olden drog dei på oppdagarferd inn etter dalane.     

The northern playground

Engelskmennene kalla ofte Noreg for «the northern playground», og det var fjella og breane som fascinerte dei. Briksdalsbreen, som ligg lengst inne i Oldedalen, var då som i dag det store trekkplasteret for turistane.