Kart - Slik finn du oss

 
 
 

Briksdalen

I Olden sentrum tar du av mot Briksdalsbreen og Briksdalsbre Fjellstove. Køyr 24 km langs Oldevatnet til Briksdal, som ligg heilt i enden av vegen. Oldedalen er sjeldant vakker og byr på brusande fossefall frå spektakulære fjellsider.
 
BRIKSDALSBREEN
Sjølve Briksdalsbreen ligg i austleg retning, og kan ikkje sjåast frå vegen før du er heilt oppe i Briksdalen. Sving til venstre ved Mellkevoll Bretun og køyr 500 m lenger inn. Her finn du parkering for buss og bil, like ved Briksdalsbre Fjellstove. Kafe, stor souvenirbutikk, Briksdal Breføring, Oldedalen Skyss med ”Trollbilar” som tek deg inn mot breen.
 
2,5 KM FRÅ FJELLSTOVA TIL BRIKSDALSBREEN
Dei siste 3 km frå Fjellstova og opp til Briksdalsbreen kan du gå til fots, eller bli med ”Trollbilane”. Bilturen er på ca 2 km, og då er det ca 600 m att som du må gå. Nesten oppe ved brekanten kjem du inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark og kan nyte synet av den gigantiske is-kolossen, eller bli med på bretur inn på blåisen.
 
KARTSØK - KØYRERUTE
maps.google.no
Søk på Briksdalsbre og finn køyrerute.