Breføring på kjende brear

 
 
 

Bødalsbreen

På Bødalsbreen i Lodalen kan du oppleve ekte brevandring i vestlandsk natur. Heile turen tek 5-6 timar, derav ca. 3 timar inne på breen. Dette er ein middels vanskeleg tur. Bødalen med Bødalssætra og Bødalsbreen er ei naturperle inne i Jostedalsbreen Nasjonalpark.
På veg inn til breen kan ein på godvêrsdagar sjå Lodalskåpa, den høgaste toppen på Jostedalsbreen (2083 moh.). Ta med drikke, mat, klede og sekk for ein halvdagstur. Gode kraftige fjellsko er ein fordel. Sko kan leigast hjå oss.

Aldersgrense 12 år. Familietur med barn under 12 år med eigen førar.

Alt naudsynt utstyr er inkludert.

Meir info og påmelding direkte til:
Briksdal Breføring AS, tlf  (+47) 57 87 68 05 eller Sande Camping.

Fleire turar og arrangement, sjå www.briksdaladventure.no