Kafé med utsikt

I kaféen kan du nyte eit godt måltid etter turen til breen, i kaffibaren får du oppkvikkande kaffi og smårettar - og i grillhytta kan du nyte herleg grillbuffet i det fri.
 

 

Prøv caféen

Fjellstova har kafeteria, restaurant/café og spisesalar med sitjeplassar til meir enn 550 personar. Vi held ein innhaldsrik meny av så vel varme som kalde rettar, som kan nytast med utsikt til spektakulære tindar og fossande breelvar.
I «Glasrestauranten» har du utsikt til deler av Briksdalsbreen gjennom taket, og flott panoramautsikt til fjell og fossefall.
Vi arrangerer individuelle selskap og lunsjgrupper.
Meny: reinsdyrsteik, fjellaure, biff, smørbrød, mineralvatn, kaffi, kaker.

 

 

Eigen kaffibar

I kaffibaren i souvenirhuset serverer vi enkle rettar, kaffi og Olden mineralvatn.
Vi har språkmektig personale og dekkjer vanligvis, i tillegg til europeiske språk, japansk, koreansk og kinesisk.  

 

Kos i grillhytta

Kombiner breturen med ein tur i grillhytta! Her sit du lunt og godt med varme frå stort peisbål. Vakker utsikt i storslått natur. Plass til ca 80 gjester. Enkel adkomst like ved Fjellstova og parkeringsplassane i Briksdal.
Meny: alt frå ein enkel kaffikopp til komplett grillbuffet.