Varige Minner

Vårt omfangsrike souvenirhus ligg rett ved Fjellstova. Her finn du eit spanande utval souvenirar med høg kvalitet - mellom anna norsk kunsthandverk i ull, skinn og tinn.


Tax free og alle betalingskort

Vi har språkmektig personale og dekkjer vanligvis, i tillegg til europeiske språk, japansk, koreansk og kinesisk. 
 

 

Norske troll

Trolla er velkjende, menneskeliknande vesen med røter i norrøn mytologi, kjende frå folkeeventyr og dikting. Trolla kunne vere ulike i form og storleik, oftast med lang, krokut nase og rove. Dei kunne vere kjempedigre jutular eller risar og risegygrer, eller små nissar og huldrer som heldt til i slik natur som du finn i Briksdal. Ofte er trolla framstilte som farlege for folk, men i eventyrverda er dei av venlege og folkekjære skapningar bærre dei vart farne vel med.
I Souvenirbutikken er mange variantar av desse trolla å få kjøpt som dokker.

 

 

Dale Of Norway

På grunn av behovet for varme klede i vårtkalde klima har nordmenn strikka i århundrer. Denne kunnskapen har gått fra generasjon til generasjon, og Dale of Norway tiltrakk seg mange dyktige handverkarar då fabrikken starta i 1879. Sidan då har Dale of Norway vore «mor» for norsk strikkeproduksjon og norske design, gjennom å ivareta og utvikle strikketradisjonane i den norske kulturen.
I dag finn du kleda til Dale over heile verda. Også her hos oss i Briksdalen.  

 

Kaffibar

I Souvenirhuset finn du ein triveleg kaffibar. Her kan du nyte oppkvikkande kaffi og enkle rettar. Frå kaffibaren har du utsikt inn mot det pulserande tunet vårt med menneske frå alle verdshjørner.  

MENY Kaffi, enkle smårettar og Olden mineralvatn.
KAPASITET Plass til 60 gjester.
PLASSERING I Souvenirhuset.